ForordVelkomen til nettstaden for Nye vegar til nynorsk. Strukturen er den same som i boka. Til kvart kapittel finn du oppgåver av ulikt slag. Somme utdjupar fagstoff for kvart årstrinn, andre tek først og fremst sikte på å hjelpe deg med det reint språklege. Nokre oppgåver er interaktive slik at du får tilbakemeldingar om du har svart rett eller gale. Andre gir idear til ulike skriveoppgåver, til dømes å lage dramatiseringar eller utkast til korte foredrag. Dei to første kapitla har oppgåver knytte til det nynorske formverket og til område som kan vere vanskelege for dei som har nynorsk som sidemål. Skippertak kan vere nyttige i mange samanhengar, men passar heller dårleg når det er snakk om å lære språk. Da er det det regelmessige arbeidet som gir resultat. Veit du at du ofte gjer feil i til dømes verb- eller substantivbøyinga, kan det vere lurt å gå inn og arbeide med øvingsoppgåvene i kapitlet om formverket med jamne mellomrom. Under kapitlet ”Nynorsk som sidemål” tek oppgåvene utgangspunkt i ein del sentrale skilnader mellom bokmål og nynorsk. Kapitla for kvart av dei tre årstrinna kan vere eit supplement til den læreboka du nyttar i norskfaget. Både i boka og på nettstaden finn du oppgåver som er knytte til sentrale delar av fagstoffet som de skal gå gjennom. Du vil finne både luketekstar og oppgåver der du kan teste kunnskapane dine. På den måten får du språktrening samtidig som du får ein repetisjon av faglege emne og lærer deg fagtermar på nynorsk. Lykke til med arbeidet!
Bergen, juni 2008
Anne Lene Berge
|
||