Mange brukere opplever dessverre feil med Feidepålogging. Dette skyldes endringer i Feidekatalogen hos skoleeier, og må løses hos ansvarlig i kommune eller fylke.

Velkommen til Nye vegar til nynorsk

160564287 Strukturen på nettstaden til Nye vegar til nynorsk er den same som i boka. Dei to første kapittela har oppgåver knytte til det nynorske formverket og til område som kan vere vanskelege for dei som har nynorsk som sidemål. Dei er ikkje knytte til noko bestemt årstrinn. Oppgåvene du finn her, kan vere nyttige for å halde den språklege dugleiken ved like. Gjer du for eksempel mange feil i verbbøyinga når du skriv på nynorsk, kan det vere lurt å repetere reglane og gå inn og øve deg på verboppgåvene. Alle oppgåvene i dei to første kapittela er interaktive slik at du får tilbakemeldingar om det du har svart, er rett eller gale.

Dei tre siste kapittela er knytte til kvart årstrinn. Også her finn du oppgåver som kan hjelpe deg med å meistre det reint språklege. Andre tek sikte på å utdjupe fagstoffet. Nokre oppgåver gir idear til ulike skriveoppgåver, til dømes å lage korte presentasjonar,  dramatiseringar eller utkast til korte foredrag.

Kapittela for Vg1, Vg2 og Vg3 er meint som eit supplement til den læreboka du nyttar i norskfaget. Både i boka Nye vegar til nynorsk og på nettstaden finn du oppgåver som er knytte til sentrale delar av fagstoffet som de skal gå gjennom. Du vil finne både luketekstar og oppgåver der du kan teste kunnskapane dine. På den måten får du språktrening samtidig som du får ein repetisjon av faglege emne og lærer deg fagtermar på nynorsk.

 

Lykke til med arbeidet!

 

Anne Lene Berge