Mange brukere opplever dessverre feil med Feidepålogging. Dette skyldes endringer i Feidekatalogen hos skoleeier, og må løses hos ansvarlig i kommune eller fylke.

Ordtilfang

Sjølv om dei fleste orda er felles for dei to norske skriftspråka våre, er det nokre skilnader. Dei såkalla ”an-be-het-else”-orda er låneord som vi har fått frå tysk. Samanlikna med bokmål er det få av desse orda i nynorsk. Etter kvart er fleire slike ord tillatne på nynorsk, men du bør likevel leggje vekt på å bruke mest mogleg nynorske uttrykksmåtar.

Dei fleste ordtilfangsoppgåvene er knytte til å øve inn nynorske ord i staden for ”an-be-het-else”-ord. I læreboka på side 173 finn du ei oversikt over mange av dei orda som blir brukte på nynorsk der bokmål har ord som byrjar med an- og be-, eller som sluttar på -else og -het.