Mange brukere opplever dessverre feil med Feidepålogging. Dette skyldes endringer i Feidekatalogen hos skoleeier, og må løses hos ansvarlig i kommune eller fylke.

Drama

Dramatekstar er ein av dei tre hovudsjangrane innan skjønnlitteraturen. Det som først og fremst skil dramatisk dikting frå lyrikk og epikk, er at tekstane er skrivne for at dei skal bli framførte på ei scene med dei verkemidla som er spesielle for teateret. Dramatikaren viser oss situasjonar, eigenskapar og personlege forhold mellom personane gjennom det dei seier og gjør. Oppgåvene du møter her, tar opp nokre av dei sidene som er særmerkte for den dramatiske diktinga samtidig som du får øve deg i nynorsk.