Mange brukere opplever dessverre feil med Feidepålogging. Dette skyldes endringer i Feidekatalogen hos skoleeier, og må løses hos ansvarlig i kommune eller fylke.

Lyrikk

Lyrikk skil seg frå dei andre skjønnlitterære sjangrane på fleire måtar. I dei episke tekstane er det ein 1.- eller 3.-personsforteljar som formidlar ei historie, i eit drama viser dramatikaren oss kva som skjer. Dikt er som oftast mykje kortare tekstar som uttrykkjer refleksjonar, kjensler og stemningar i ei konsentrert form. Det er ikkje kva som skjer, som er det essensielle, dikt er heller eit konsentrert glimt av ein tilstand. Oppgåvene i dette kapittelet tar opp somme av dei sentrale sidene ved den lyriske diktinga.