Episk dikting

Episke tekstar fortel på ulikt vis historier, og gode forteljarar har evna til å skape spenning og intensitet og til å halde interessa oppe hos tilhøyrarane. For å meistre det tar dei i bruk ulike verkemiddel, mellom anna gjennom val av forteljartype og frå kva slags synsvinkel dei skal gi lesaren innblikk i det som hender. Oppgåvene i dette kapittelet tar sikte på å repetere nokre sider ved den episke diktinga samtidig som du må merke deg sider ved språket.